Våre øl

IPA

Bikkja IPA er eit gysla godt øl av den litt bitre sorten, nett slek so engelskmenna skipa til india i hine hårde dagar, ein godt humla india pale ale.

Kvitøl

Eit lyst og friskt øl som belgiarane har tradisjonar for å bryggje. Dei kallar den ein wit. Men siden vi ikkje forstår oss på desse europearane kallar vi det berre for kvitøl. Og vi nyt det til allslags mat så vel så til solveggjen.

Blonde

Eit gyldent, lettdrikkeleg og friskt øl bryggja slek amerikanarane likar den. Ølstilen kan sporast tilbake nær 400 år, til tida europeiske utvandrarar tok med seg sine bryggjetradisjonar til den nye verda.

Bikkja Porter

Porter

Eit øl so e svart so natta, men den kan og drikkast på dagtid. Den vert kalla porter, oppattkalla etter dei engelske arbeidarane som lessa og lossa varar på båtar og kjerrar. 

Inntak av alkohol kan gje ulike skadevirkningar. Ytterligare informasjon finn du her.